Litteratur

Innkjøpsordningene for litteratur

Innkjøpsordningane for litteratur

Kulturrådet administrerer seks innkjøpsordningar for litteratur og ei ordning for tidsskrift. Dei innkjøpte titlane blir formidla til bibliotek over heile landet.

Under innkjøpsordningane for litteratur kjøper Norsk kulturråd inn nye boktitlar for å sende dei vidare til norske folke- og skolebibliotek og til nokre undervisningsstader, sjømannskyrkjer og bibliotek i utlandet. Desse bøkene kjem i tillegg til dei titlane biblioteka sjølve kjøper inn over eigne budsjett.

Vi har i dag seks innkjøpsordningar for litteratur samt ei prøveordning:

Se også ofte stilte spørsmål om innkjøpsordningene

I tillegg har Norsk kulturråd ei innkjøpsordning for tidsskrift, som inneber at heile årgangen av inntil 15 kulturtidsskrift blir distribuert gratis til norske folkebibliotek.

Kor mange titlar som blir kjøpte inn av ny norsk skjønnlitteratur for vaksne og for barn/unge, varierer for kvart år, ettersom alle bøker som er vurderte til å ha høg nok kvalitet, kjem med på innkjøpsordningane. Forlaga må allereie ha trykt og gitt ut bøkene før dei blir vurderte for innkjøp.

Når det gjeld fagbøker for barn og ungdom, omsett litteratur, sakprosa og teikneseriar (såkalla selektive ordningar), er det øvre titteltalet bestemt på førehand, og innkjøpet gjort etter ei kvalitetsvurdering og deretter ei prioritering av dei beste bøkene.

For alle innkjøpsordningane gjeld særskilde retningsliner. Eigne vurderingsutval er oppnemnde for å sjå til at dei påmelde bøkene er gode nok til å få statsstøtte, og at dei oppfyller krava ordningane set til sjanger. Vedtak om ikkje å kjøpe inn ei bok under dei to ordningane for ny norsk skjønnlitteratur kan klagast til eigne ankenemnder. Norsk kulturråd fattar då endeleg vedtak i saka. For dei selektive ordningane, der det er ei øvre grense for innkjøp, kan ein ikkje klage på anna enn sakshandsaminga.