Hopp til innhold
Årsmelding

ÅRSMELDING - KULTURRÅDET 2012

Årsmeldinga presenterer ei oppsummering av verksemda i tal og tekst for 2012.

$imageText.getData()

Kulturrådet gjev tilskot til kunst og kultur over heile landet. Organisasjonen er ein pådrivar for nye kunst- og kulturprosjekt, driv utviklingsarbeid og er rådgjevar for staten i kulturspørsmål. Kulturrådet har som mål å stimulere til eit nyskapande og mangfaldig kunst- og kulturliv, vere ein synleg og open aktør i samfunnsdebatten og bidra til samhandling.

Kulturrådet forvaltar Norsk kulturfond, Statens kunstnarstipend, Fond for lyd og bilete og andre statlege støtteordningar. I 2012 forvalta Kulturrådet til saman 1,15 milliardar kroner, og handsama over 17 000 søknader totalt. I tillegg til oppgåvene som er direkte knytte til ansvarsområda for dei tre styrande organa, har fagadministrasjonen ei sjølvstendig fagleg rolle.

Kulturrådet tildeler utviklingsmidlar til arkiv og museum, faglege nettverk og digitale satsingar for arkiv- og museumsfeltet. Fagadministrasjonen er rådgjevar for Kulturdepartementet i spørsmål som gjeld museumspolitikk og arkiv generelt, og det nasjonale museumsnettverket spesielt. Kulturrådet har også sekretariatsansvar for Den kulturelle skulesekken, er kontakt for EUs kulturprogram og ansvarleg som programpartnar for fire land i EØS' kulturutvekslingsfond.

Om publikasjonen

ÅRSMELDING - KULTURRÅDET 2012

Kulturrådet

Kulturrådet
2013