Hopp til innhold

Søk støtte

Tilskuddsordning - Kulturrådet

Innkjøpsordning - nye norske teikneseriar

Se vedtakslister

Søknadsfrister

jun

04

2024

Kl. 13:00

sep

03

2024

Kl. 13:00

des

03

2024

Kl. 13:00

Føremål

Føremålet med innkjøpsordninga er at det blir skapt, gjeve ut, spreidd og lese nye norske teikneseriar av høg kvalitet.  

Innkjøpsordninga garanterer forlaga eit minstesal på 1 860 eksemplar av barne- og ungdomstitlar og 703 eksemplar av titlar for vaksne. Ordninga er såkalla selektiv, det vil seie at det er budsjettet som avgjer kor mange bøker som kan kjøpast inn årleg. 

Dei innkjøpte bøkene blir sende til folke- og skulebiblioteka og til nokre mottakarar i utlandet. Publikum kan slik gjere seg kjende med ei rekke av dei nye norske teikneserieutgjevingane kvart år.

Åpne alle

Forvaltning av ordninga

Kulturrådet forvaltar ordninga og midlane kjem frå Kulturfondet. Kulturdirektoratet er sekretariat.

Kva kan kjøpast inn?

Ordninga gjeld nye norske teikneseriar. Med «teikneserie» meiner ein her fysiske publikasjonar der teikningar eller andre visuelle element i sekvens formidlar ei historie eller anna innhald. Utgjevinga skal framstå som eit heilskapleg verk, og teikneseriesekvensar skal vere det bærande elementet.

Ordninga er regulert av retningsliner som søkjarane må setje seg inn i.

Kven kan søkje?

Norske utgjevarar kan søkje om innkjøp innan oppgjevne fristar same år som teikneserien blir gjeven ut. Dette inkluderer bøker omsett frå samisk og nasjonale minoritetsspråk til norsk, men det første originalverket kan ikkje vere meir enn fem år gammalt på søknadstidspunktet.

Som hovudregel kan ein serieskapar berre få ei bok for vaksne og ei bok for barn og unge innkjøpt på ordninga kvart kalenderår. Vurderingsutvalet kan gjere unntak frå hovudregelen i særlege tilfelle.

Søknadsskjema

Ein søknad består av søknadsskjema og bok eller trykkeklar fil. Det er opp til søkjar sjølv å velje eitt av dei to formata som vurderingsgrunnlag. Norske forlag kan søkje om innkjøp same år som ei bok blir gjeven ut, og det skal sendast inn eitt skjema for kvar bok.

I søknadsskjemaet må utgjevar skrive inn namn på serieskapar og redaksjonssjef eller tilsvarande. Dersom dette er same person, må eit vedlegg som dokumenterer at utgjevinga har gjennomgått ein uavhengig redaksjonell kvalitetskontroll, følgje søknaden. Dokumentasjonen skal bestå av ei kort fråsegn frå konsulenten som skal ha gått gjennom manuskriptet før utgjevinga.

For bøker som kjem ut mellom 1. januar og 30. juni, er søknadsfristane i byrjinga av mars og i byrjinga av juni. For bøker som kjem ut mellom 1. juli og 31. desember, er søknadsfristane i byrjinga av september og i byrjinga av desember. Dersom ferdig bok er vurderingsmaterialet, må eitt eksemplar sendast direkte til kvart av medlemmene i vurderingsutvalet innan utgangen av den månaden søknadsfristen går ut, men helst samtidig med søknadsskjemaet viss boka allereie er utgjeven. Eitt eksemplar skal sendast til Kulturrådets sekretariat. Er boka utgjeven med produksjonstilskot, fungerer dei fire eksemplara også som rapporteringseksemplar for tilskotet

Postadressa til Kulturrådets sekretariat er som følgjer:

Kulturdirektoratet
Postboks 4808 Nydalen
0422 Oslo

Postadressene til vurderingsutvalet er å finne på ei eiga nettside.

Søknadsskjema

Les utlysingsteksten og retningsliner for innkjøpsordning for nye norsk teikneseriar  nøye før du begynner å fylle ut det elektroniske søknadsskjemaet. Pass også på å lese alle hjelpetekstane. Desse finn du i søknadsskjemaet, merka med «?». 

Har du problem med å registrere deg, logge deg på, velje skjema eller sende vedlegg?

Sjå brukarstøtte

Tilrådde nettlesarar

For at skjemaet skal vere mest mogleg brukarvenleg tilrår vi følgjande nettlesarar: MAC = Safari. Windows = Chrome

Søknadsfristen er endeleg, og søknader som kjem inn etter fristen vil bli avviste.

Søknadsskjema blir tilgjengeleg omtrent ein månad før søknadsfristen.

Søknadsskjemaer blir tilgjengelige cirka en måned før neste søknadsfrist.

Vurdering av søknaden

Påmelde titlar som innfrir dei formelle krava, blir behandla av Kulturrådets vurderingsutval for teikneseriar. Utvalet kan òg innhente faglege konsulentfråsegner, til dømes i samband med vurderinga av utgjevingar omsett frå samisk. Vurderingsutvalet består av tre medlemmer. Innkjøpsordninga for nye norske teikneseriar er ein selektiv ordning. Kor mange titlar som kan kjøpast inn, vert bestemt av det årlege budsjettet og dei vurderingane utvalget gjer når kvar enkelt tittel blir behandla.

I diskusjonane om kvalitet skal utvalet blant anna leggje vekt på om dei påmeldte utgjevingane

  • framstår som eit heilskapleg verk
  • har tilstrekkelege kunstnariske og/eller språklege og handverksmessige kvalitetar
  • har vore underlagt eit nødvendig redaksjonelt arbeid

Utvalet er delegert vedtaksmyndigheit frå Kulturrådet. Ved avslag blir det ikkje gjeve annan grunngjeving enn at boka ikkje er prioritert innanfor budsjettramma.

Slik blir søknaden behandla

Se hvordan søknadene blir behandlet, fra søknaden blir sendt inn til vedtakene blir offentleggjort.

Slik behandles søknaden - Norsk kulturfond

Levering og betaling for bøker

Når ein søknad er handsama av vurderingsutvalet, vil forlaget få melding om boka blir kjøpt inn eller ikkje. Dersom ho blir kjøpt inn, skal boka så raskt som mogeleg, og seinast innan seks veker frå vedtaksdato, sendast til Biblioteksentralen. Antal eksemplar som blir kjøpt inn, er avhengig av kva målgruppe boka henvender seg til. Innkjøpsbeløpet kjem an på målgruppa og og kva målform boka er skriven på.

Levering av bøker

Bøkene skal leverast til Biblioteksentralen, som sørger for å sende bøkene ut til norske folkebibliotek.

Leveringsadressa er:

Biblioteksentralen
OrbitArena
Industriveien 18
2069 Jessheim

Varemottaket ligg under tak på sørsida av bygget, så ein må ta innkjøyringa heilt nord og køyre rundt bygget.

Betaling

Forlaget skal sende faktura til Kulturrådets sekretariat for kvar innkjøpte tittel. Bøker må vere leverte hos Biblioteksentralen før forlaget sender faktura, og forfallsdato skal vere 30 dagar.

Faktura må sendast elektronisk i EHF-format. Elektronisk fakturaadresse er Norsk kulturfonds organisasjonsnummer 891 991 762. Elektronisk faktura er ikkje pdf-fil i epost eller link til fakturahotell. For meir informasjon om EHF-faktura, sjå elektronisk faktura for statlige virksomheter, Direktoratet for økonomistyring

Kulturrådet betaler eitt beløp direkte til forlaget for heile innkjøpet. Beløpet skal fordelast mellom forlag og serieskapar på bakgrunn av målgruppespesifikke betalingstabellar. Beløpa i betalingsmodellen vil vere avhengig av budsjetthandsaminga i Stortinget og kan bli justerte årleg.

Fakturaen må innehalde følgjande informasjon:

  • IO-nummer
  • kva for ein innkjøpsordning boka er kjøpt inn under
  • namn på forlag, forfattar og tittel
  • målform (bokmål eller nynorsk)
  • ISBN-nummer for trykt bok
  • beløp for innkjøp av bok og forfattarroyalty 

For titlar som er innkjøpte i 2023, skal desse betalingstabellane brukast

Teikneseriar for vaksne (firefarga og svartkvitt)  –  703 p-bøker
Format og målform Serieskapar(ar) Forlag  Faktura til sekretariatet
P-bok bokmål og nynorsk 97 000* 123 000 220 000

*Dersom serieskapar ikkje er ein person, skal beløpet fordelast etter same fordelingsnøkkel som vert nytta i kontrakten inngått mellom forlag og opphavspersonar.

 

Dersom serieskapar har bidrege økonomisk til bokproduksjonen og dermed redusert kostnadene til forlaget, skal serieskaparen sin del av betalinga for eit innkjøp bli auka med same beløp. Forlagsdelen blir redusert tilsvarande.

Teikneseriar for barn og unge  (firefarga og svartkvitt) - 1860 p-bøker
Format og målform Serieskapar(ar) Forlag  Faktura til sekretariatet
P-bok på bokmål 149 500* 193 000 342 500
P-bok på nynorsk 157 000* 206 500 363 500

*Dersom serieskapar ikkje er ein person, skal beløpet fordelast etter same fordelingsnøkkel som vert nytta i kontrakten inngått mellom forlag og opphavspersonar.

Dersom serieskapar har bidrege økonomisk til bokproduksjonen og dermed redusert kostnadene til forlaget, skal serieskaparen sin del av betalinga for eit innkjøp bli auka med same beløp. Forlagsdelen blir redusert tilsvarande.

Særskilde betalingsbestemmelsar

For nokre bøker kan vurderingsutvalet vedta å tilby utgjevaren eit lågare beløp for innkjøp enn det som er oppgjeve i betalingstabellane. Dette vil kunne skje for to kategoriar av bøker:

a) lite kostnadskrevjande utgjevingar og b) antologiar/samleutgjevingar.

a) For lite kostnadskrevjande publikasjonar, kan utgjevaren bli tilbode lågare betaling for eit innkjøp. Vurderingsutvalet vil i desse tilfella fastsetje ein innkjøpspris og ei fordeling mellom utgjevar og serieskapar(ar). Ei utgjeving kan falle i kategorien «lite kostnadskrevjande» dersom:

ho har eit totalt sidetal under 48 sider, og/eller

kostnadene for å trykkje opp det fastsette talet på eksemplar for innkjøp ligg vesentleg under kostnadene for standardutgjevingar.

Om ein publikasjon har eit totalt sidetal under 48 sider og/eller har ei utforming som gjer at han framstår som lite kostnadskrevjande å trykke, kan utgjevar legge ved dokumentasjon av produksjonskostnader, som eit grunnlag for utvalets vurdering av om punkt ii) er oppfylt.

b) For antologiar/samleutgjevingar kor meir enn 50 % av innhaldet har vore publisert tidlegare eller kor utgjevar ikkje har gjort avtale om honorar/royalty til serieskapar(ar), kan utgjevar bli tilbode lågare betaling for eit innkjøp. Vurderingsutvalet vil i desse tilfella fastsetje ein innkjøpspris og ei fordeling mellom utgjevar og serieskaper(ar).